Mål, strategi og verdiar

06.07.2009

Formål

DSS skal vere eit kompetent og effektivt administrativt verktøy for regjeringa.

Mål

  • DSS skal betene departementa med fellesteneste tilpassa behova deira, og med avtalt innhald og kvalitet.
  • DSS skal ha eit kompetent fagmiljø på sine tenesteområde, og tenestene våre skal gi reell og opplevd nytte i departementa.
  • I samarbeid med departementa skal DSS vere ein pådrivar for gode og kostnadseffektive fellestenester.

 
Strategi 2011–2013

Strategidokument for 2011-2013 (pdf-format)


Verdiar

Brukarorientering – brukarane er medspelarane våre

  • Vi planlegg og prioriterer ressursane våre målretta og realistisk med utgangspunkt i dei noverande og framtidige behova til brukarane.
  • Vi legg vekt på nær brukarkontakt og involverer brukarane i utvikling av tenestene. 
  • Servicen vår medverkar til arbeidsglede hos brukarane våre.

Kvalitet – er varemerket vårt

  • Vi sikrar at tenestene vi leverer, er i samsvar med tenestebeskrivingane våre og dei tenesteavtalane vi har gjort.
  • Vi utviklar kompetanse og fagmiljø slik at tenestene våre er tidsmessige, konkurransedyktige og etterspurde.

Heilskap – felles mål – mange bidrag

  • Vi utnyttar den samla kompetansen vår, slik at tenestene våre blir så gode som mogleg.
  • Vi sikrar eit godt samarbeid ved å involvere kvarandre, ta initiativ og vere lyttande og opne.

Tillit – er grobotn for openheit og positive forventningar

  • Alle medarbeidarar har ein eigenverdi og krav på omsorg og respekt. 
  • Arbeidsmiljøet vårt er prega av tryggleik og open meiningsutveksling. 
  • Vi arbeider for at alle blir høyrde, og gir kvarandre nok informasjon, rettleiing og tilbakemelding.

Lojalitet – vi speler på same lag

  • Vi arbeider med kvarandre i gjensidig respekt for meiningane, ønska og behova til kvarandre.
  • Vi følgjer opp mål og forventningar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
  • Alle følgjer sin rett og si plikt til å uttrykkje synspunkt som dei meiner er viktige for DSS. Så arbeider ein for at avgjerdene blir gjennomførte.
 
Departementenes servicesenter 
Møllergt. 19, Postboks 8129 Dep, 0032 Oslo telefon: 22 24 90 90 faks: 22 24 95 95 
e-post: postmottak@dss.dep.no
organisasjonsnummer: 974 761 424
Pressekontakt (hverdager fra kl. 08.00-15.00):
Margot Vågdal, tlf. 480 16 317