Bedriftshelsetjenesta (BHT) tilbyr helsetenester til tilsette ved Statsministerens kontor, i departementa og i DSS. Med kompetanse innanfor arbeidsmiljø og helse yter BHT hjelp til leiarar, tilsette, arbeidsmiljøutval og verneombud i arbeidet deira for å skape sunne og trygge arbeidsforhold.
Bedriftshelsetjenesta har ei fri og uavhengig stilling i faglege spørsmål, og samarbeider med både leiinga og dei tilsette etter vedtekne etiske retningslinjer og lov om teieplikt.