
Held fram med utfasing av eingongsemballasje i kantinene til departementsfellesskapet.
DSS har i fleire år arbeidd med å fase ut eingongsemballasje frå kantinene i departementsfellesskapet for å redusere bruken av eingongs matbehaldarar. Eit sentralt tiltak i dette arbeidet har vore innføringa av eit pantesystem og ombruksemballasje – løysinga kjent som Pantus – i to kantiner. Konseptet inneber bruk av gjenbrukbare matboksar som erstatning for eingongsboksar.
Returboks erstattar eingongs matbehaldarar for takeaway-mat i Regjeringskvartalet (dss.dep.no)
No har DSS teke eit steg vidare og slutta seg til Plastpartnarskapet. Ved å signere ein tilslutningserklæring til Plastpartnarskapet forpliktar DSS seg til å arbeide aktivt for å redusere forbruket av eingongs matbehaldarar og drikkebeger.
Om Plastpartnarskapet
Plastpartnarskapet er eit samarbeid mellom Klima- og miljødepartementet og næringslivet/offentlege verksemder for å redusere bruken av eingongsprodukt i plast – særleg matbehaldarar og drikkebeger med lok – som er laga heilt eller delvis av plast. Partnarskapet byggjer på FN sitt berekraftsmål og er ein del av Noregs oppfølging av EU sitt direktiv om plastprodukt.
Målet for Plastpartnarskapet er å halvere forbruket av slike plastprodukt innan 2026. Verksemder og organisasjonar som deltek, forpliktar seg til å gjennomføre eigne tiltak for å redusere plastbruken, dele erfaringar og rapportere utviklinga.
Departementsfellesskapet gjer ytterlegare tiltak for utfasing av eingongsprodukt og plast
Gjennom det felles miljøleiingssystemet har DSS og departementsfellesskapet sett seg mål om å redusere avfallsmengda frå eiga drift og auke graden av kjeldesortering.
Som ein del av dei årlege miljømåla arbeider departementsfellesskapet med ytterlegare tiltak for å fase ut eingongsprodukt. Pantus-løysinga utforskar no moglegheiter for å vidareutvikle systemet slik at fleire ombruksprodukt kan integrerast i koneseptet.
