Portrettbilde av rektor Lise Vivienne Løseth ved Departementsakademiet.

På bildet: Lise Vivienne Løseth, rektor ved Departementsakademiet.

Frå første september 2023 vart Departementsakademiet oppretta, – ei eining som skal utvikle og tilby relevante kompetansetilbod for alle ansatte i departementsfellesskapet. Departementsakademiet er formelt tilknytta DSS.

Opprettinga av Departementsakademiet er eit av tiltaka i departementsstrategien «Gode kvar for oss. Best saman» (2021-2025).

– Departementsakademiet skal vere ein arena for kompetanseutvikling for alle departementsansatte – kor vi deler kompetanse og lærer saman – og av kvarandre. Det vil bli ein viktig møteplass på tvers av departementsfellesskapet og eit viktig samlingspunkt i nytt regjeringskvartal, seier rektor ved Departementsakademiet, Lise Vivienne Løseth.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa ved åpninga av Departementsakademiet:

– Noreg har eit godt embetsverk. Vi politikarar er avhengig av eit fagleg sterkt, uavhengig, men lojalt embetsverk. Regjeringa har ambisiøse mål for kompetanseutvikling av heile arbeidslivet. Alle sektorar i arbeidslivet må utviklast for å ruste oss til å handtere fremtidas utfordringsbilete. For å forstå nye utfordringar, er læring og kompetanseutvikling heilt vesentleg. Embetsverket og dens ansatte må liggje i front og samhandle godt på tvers av forvaltningsgrensene.

Forelesarane til kursa vert henta frå departementa og tilknytta verksemder.

Topptilbodet til Departementsakademiet vert ein erfaringsbasert master i offentleg forvaltning, – eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Noregs Handelshøgskole.

Departementsakademiets erfaringsbaserte master i offentleg forvaltning.